Agnes Kittelsen fritt etter hukommelsen

Foto: Filmweb

I det me går inn i ei ny helg fylt av Agnes Kittelsen-intervju er det på tide å lukke boka og spørre seg sjølv:

1. Kva kan du om Agnes Kittelsen?

Agnes Kittelsen er ca 35 år, kjem frå Sørlandet og bur på St Hanshaugen i Oslo.

Ho møter presis til journalistmøter på kafe, og ser himla fin og tynn ut.

Kittelsen forstår at det må vere slik, men synes dette fokuset på kropp og utsjånad er ein litt dum ting med det å være kvinneleg skodespelar. Ho forholder seg ikkje til det å bli kalt «sexy».

Ho er ein late bloomer på same måte som Line Verndal og Hans Olav Lalum. Det skuldas litt familiesituasjonen. Då ho som ung skodespelar vart mor til guten som heiter Mio, Milla eller noko anna kjendisaktig vart det det ALLER viktigaste i livet. Ho har ikkje tenkt på nummer to, først og fremst er det viktig å vere der hundre prosent for Malle/Lalle/Ludde. Det er altoppslukande og krevjande å bli mor, men ho angrar såklart ikkje <3.

Sjølv om ho kom seint igong har ho gjort ein kometkarriere. Du har sett henne i Sykt lykkelig, Max Manus, Kon Tiki og no Reisen til julestjernen. Etter å ha spelt «dama til» så lenge, må det vel vere deilig å spele heks, Agnes Kittelsen?

Det synes Agnes Kittelsen men understreker at også «dama til»-rollene er meiningsfylte.

Ho synes det er stas å ha fått lov til å være med i filmar som har vore nominert til å bli nominert til Oscar. Likevel drøymer ho ikkje om Hollywood, sjølv om mange i Hollywood har sagt til andre i filmbransjen at ho er både flink og fin.

Det kan sjå ut som Agnes Kittelsen lever det perfekte liv, men ho slit litt med å lene seg tilbake og slappe av. Sånn har ho vore heilt sidan ho gjekk på barneskulen. Ein gong gjekk ho på ein smell fordi ho var så flink og pedantisk, ikkje diagnostisert, men det var litt tungt. Difor øver ho seg kvar dag på å sleppe kontrollen og bli mindre flink pike.

Jaja, så er det altså slik at sjølv den vakre mora og den suksessrike filmstjerna Agnes Kittelsen har sitt å stri med. Kven skulle trudd.

Likevel, så ille kan det jo ikkje vere for ho er jo så fin og flink!  🙂

Reisen til julestjernen går på kino nå

Då denne PROFILEN er skriven i sjangeren «eksamen» er alt basert på hukommelsen til skribenten og sjølvsagt ikkje faktasjekka. 

Anne Gunn 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s