Uansvarleg av Jan Bøhler

Image

Jan Bøhler bidrar til å sementere ein ukultur der menn ikkje vurderes ut frå talent og kompetanse aleine.

I dag kunne me på sosiale medium (iallfall dei som hadde rett flash-innstillingar) sjå levande bilete av politikar Jan Bøhler der han dansar utstudert for å vise oss sin humoristiske kapital. Videoen er komponert for å understreke og framvise eit tema me kjenner fra før: At Jan Bøhler utvilsomt er ein muskelsterk mann med glimt i auga. Han er og dyktig og suksessfull politiker som for tida er sett til å forvalte eitt eller anna i Oslo kommune.

Menneskerettsgrupper verda over har i mange tiår kjempa mot stereotype framstillingar av menn som har gjort dei til muntre karar med mykje muskler. Ei slik redusering av menns intellektuelle verdi og eigenskaper fungerer som ein fordummande mekanisme, og er til hinder for både samfunnsutviklinga og demokratiet.

Oslopolitikarens video er i et slikt perspektiv et spark i leggen til alle som har kjempa imot underhaldningstyranniet eller kjent det på kroppen.Kvifor Bøhler vel å presentere seg selv som eit humoristisk blikkfang i dei sosiale media er vanskeleg å vite. Det er valkamp, kanskje tenkte han det ville gi Arbeiderpartiet litt positiv glans. Kanskje gjorde han det berre fordi han kunne. Kanskje hadde han berre skikkeleg lyst til å daske den gitaren.  Forfengeligheten er tross alt almenn, og me lever i ein narsissistisk gullalder med uendelege muligheter for å framstille glansbilete av oss sjølve.

Eit tidstypisk teikn er det store antal unge menn som publiserer uendelige rekker av humorvideoar av seg sjølv i sosiale medier. Det som skil denne oslopolitikaren frå dei aller fleste av sine forfengelige brødre, er at han ikkje treng å be om merksemd. Bøhler har klippekort til spaltene. Iallfall i den der nye rare Aften aften-avisa.

Det er allereie skrive spaltemetere på spaltemetere om kor problematisk klikk-tyranniet kan være for menn i alle aldre, og eg trur dei fleste er einige i at det massive presset mot menn er eit problem.

Har ikkje Bøhler som politikar eit ansvar for ikkje å bidra til å gjøre situasjonen vondt verre for alle dei som slit med å tilfredsstille det applausorienterte idealet?

I eit ekstremt langt intervju på Kulturnytt uttrykka programleiaren glede over at eldre menn endeleg var blitt virale fenomen på sosiale media. Dette kan tolkas som at det ikkje er tilstrekkelig at  Bøhler allereie er eit framifrå forbilde for menn gjennom sin rolle som politikar, det er fyrst når han av den hippe sosiale medier-eliten  vurderes som funny i tillegg, at NRK er nøgd.

Men er det verkeleg eit framskritt at også eldre austkantmenn løftes fram som ideal for  #some-humor,  og med det gjeres til mål for marknadskrefter og ytterlegere prestasjonspress?

Ironisk singletbruk skal sjølvsagt ikkje være til hinder for makt og suksess. Det bør heller ikkje være slik at ironisk singletbruk er ein naudsynt del av kvalifikasjonene til eldre mannlege  politikerar.

Anne Gunn, 27.august 2013

Takk til Heidi Helene Sveen for lån av oppsett for kronikk

Image

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized og merket med . Bokmerk permalenken.

Ett svar til Uansvarleg av Jan Bøhler

  1. Tilbaketråkk: Dagens videotips: Jan Bøhler og andre syngende politikere | Filter

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s