Dater Ingunn Økland ein wrap-artist?

I går vart den siste Aftenposten laga i dei gamle lokalene i Postgirobygget.

Avisa brukte ikkje mindre enn tre sider og førstesidehenvisning på denne begivenheten, og det kan me vel ikkje klandre dei for.

Etter dette vil ingenting bli det samme.

Avisa skal no produserast av leserane sjølv og utelukkande bestå av stoff dei har stemt fram i ein demokratisk prosess via internettet. Det vil stort sett bli kronikkar om oppseding og små videosnuttar av jakketiggande barneskodespelerar.

Neida.

Det vil bli som før, dei skal flytte frå Oslo sentrum til Oslo sentrum. Nærare bestemt 500 meter. Frå Oslo S til Akersgata, denne myteomspunne gata som er kjent for folk flest som sjølvaste merkevaregata, kor butikken til Moods of Norway har ei låvedør som inngangsdør. Sprø folk ass. Skulle ikkje tru at dei var norske! Men det er dei, dei er faktisk frå Stryn!

Uansett. At Aftenposten skal flytte er kanskje ikkje så voldsomt interessant for andre, men flytting er ein altoppslukande og  sjølvsentrerande prosess. Det veit eg alt om, her eg sit mellom 67 flytteesker. For meir om min eigen private flytteprosess viser eg til dei 140 siste postane på samtlige av mine sosiale medier-konti.

Og det er heller ikkje berre-berre å flytte med ei mediebedrift. Det har eg sjølv  vore med på, og eg skjønner at behovet for å snakke om det kan opplevast som stort. Føler litt på det endå faktisk.

10399276_47849935062_7611_n

For det fyrste er det ikkje slik som når du er 29 år i den verkelege verda og flytter fordi det går så vanvittig bra økonomisk og privat. Det er meir som å flytte når du er 92. Alternativet er gjerne å dø sakte der du er.

Eg erindrer foreksempel spenninga over å scanne kartet over det vid opne kontorlandskapet og sjå etter mitt eige navn på pultane. Hadde eg overlevd til neste hus? Det var ein periode for å jobbe knallhardt med gravejournalistikk for å sikre seg fire nye år månadar som personlig vikar for Vakant Stilling.

IMG_4490.JPG

Ikkje berre-berre i ein flytteprosess der du samstundes måtte bruke arbeidstid på Åpent kontorlandskap-kurs  og velge deg det sjødyret du assosierte deg mest med. Deretter måtte ein skrive brev til seg sjølve om ti år (heisann Dagbladet, aner meg at her må dykk ut med meir ekstern porto enn dykk hadde budsjettert med) og forfatte husreglar på rim som «Støy er normalt ikke gøy» og «Ros foran alles ører/Ris bak lukkede dører» (forøvrig eit vanvittig slagord for ei journalistisk bedrift)

Så, då eg såg Aftenpostens dekning av eigen flytteprosess var det dei ansattes opplevingar eg var mest interessert i. For under headinga Innsikt hadde dei intervjua sju av sine flinkaste folk. Stemmene som er vant med å meine kontroversielle ting (Mathallen er ikkje dyr! OL i Oslo er både dumt og bra! CD-plata vil dø ut!) og som no raust delte si oppleving av korleis det er å bli rykka opp med røttene midt i livet.

La oss sjå kva dei sa:

IMG_5311.JPG

Nyttar sjansen til å profilere seg som den mørkkledde rockjournalisten han er. Han kjem til å sakne tiggarane og emoane og pendlarane på spor 19. Noko eg ikkje forstår noko av. Kva då spor 19? Har han hatt kontorplassen sin på eit togspor? Ellers har eg, som også pleide å vere ein svartkledd rockjournalist FAKTISK, vore såpass langt vest at eg kan avsløre at det er både tiggerar og pendlarar og emo-kids i Akersgata. Det er til og med ein kristen dude som prøver å selje deg noko diktgreier!

Fossberg seier ellers at denne begivenheten er som å flytte heim att etter nokon år på hybel. Ja. For det reknas jo i dei fleste miljø som eit kjempestort steg i rett retning.

IMG_5308.JPG

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Yes! På tide å ta tilbake gata frå alle dei fine merkevarebutikkane, kjøpesentra og den generelle oppsossinga som har foregått der dei siste ti åra. Send inn den 154 år gamle tanta!

IMG_5309.JPG

Han har hatt det bra, men trur det blir bra å bu i Akersgata og. Når historia skal skrivast og denne sjuke omveltinga evaluerast vil eg tru Lund er den historikarane vil gi mest rett.

PS. Sjukt kontinental kakaokultur på bibliotekbaren på Bristol btw. Og det er internettslang, mykje brukt blant teenagere i USA,  for «by the way» som kan oversetjast med «Like ved veien til din nye arbeidsstad» og verdt å sjekke ut. Ei sak, kanskje?

IMG_5307
Bugge er på ballen! Ho er eit moderne mediemenneske og beherskar ting ved hjelp av erfaring! Eg spår Bugge ei lysande framtid i denne dynamiske mediebransjen kor ein kjent medieleiar så innsiktsfullt sa at middelmådighetens tid er forbi. No bør du kunne sjonglere ein datastøtta ball på ditt digitale hovud medan du leverer på alle platformer med god og positiv synergi i alle ledd. Du må beherske storytelling både på digitalt og fysisk papir, kjappe nyhende, saker i dybden og keyboard kopla med blåtann til ipad. Og journalistikk då. Og flytting. Just name it, Bugge got it! Ingen framtidsangst eller sluttpakkevurdering her i garden!

IMG_5310.JPG

Her snakkar me om ei som kan sitt fag i historiefortelling. For i alle dagar, makan til setning som skapar sug etter meir har eg ikkje sett makan til.

Økland nyttar altså sjansen til å fortelle sine hundretusen leserar at ho har ein mann. Heilt ny og gledeleg informasjon for meg. Og ikkje nok med at ho snikskryt eit heterofilt ekteskap, denne mannen har og jobb, og det midt i Oslo sentrum!  Eg vil tru me skal til Akersgata, sidan dei no kan slå følge heilt til jobben istadanfor å skiljast 500 meter nede i gata. Det må ha vore eit helvete! For sei meg, kva betyr adieu? Eller det eg lurer på, kva betyr «Endelig»?

Har Økland venta og venta og venta på å få følge mannen sin heile vegen til døra, har ho søkt jobbar i VG kanskje, og kvifor er det så viktig å følge han heilt fram? Kva slags konsekvenser vil det gi for Økland, er det økonomiske? Tidsmessige? Kjærleiksmessige? Og kvar i helgoland jobber denne mannen? Min fyrste innskytelse er at ho nok er saman med ein reportasjeleiar eller Profilert Person i VG som eg burde kjenne til.

Eller!

Kan det vere at høgt utdanna (I presume) Økland kanskje er gift med ein treningsinstruktør på Sats Akersgata eller ein av wrap-kokkane på den fæle wrap-sjappa som ligger vis-a-vis?Hadde ikkje det vore veldig litterært, litt sånn Vigdis Hjorth? Eller er det noko så gørr som Cappelen Damm? Eg klør etter å vite meir, men finn ikkje meir bak betalingsmuren. Kanskje eit abonnement på Innsikt vil hjelpe? Eller skal journalistane kanskje stå på stand på Oslo S og fortelje om livet sitt, slik eg såg anonsert tidlegare i år? I så fall er eg klar! Heretter følger jeg deg helt hjem!

Fordi det er godt å vite.

Anne Gunn 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

6 svar til Dater Ingunn Økland ein wrap-artist?

  1. Sigrid sier:

    Men wrap-sjappa er jo nedlagt

  2. Emma Hansen sier:

    Denne bloggen synes jeg egentlig var ganske så ufin. Kommentere og kritisere personer over en lav sko på denne måten er lavmål. Jeg kan ikke forstå hvorfor du har slik kritikk mot ansatte i Aftenposten. Denne bloggen bør få et helt annet innhold.

  3. Fantastisk!! Likte spesielt godt denne: ««Ros foran alles ører/Ris bak lukkede dører». Hehe!

  4. Mikael sier:

    Takk. Tusen takk. Jeg har foelt meg saa alene i min irritasjon over Aftenpostens konstante selvdekning. Dette foeltes godt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s