Teori og praksis i barnehald

Eg venter mitt andre barn og vil nok bli fråverande på mange felt (internett er ikkje eitt av dei, nei). For at dykk ikkje skal lure dykk i hel på kva eg driv med skal eg kort gjennomgå mine ambisjonar for det kommande året. Dei er litt justert etter førre runde.

Sist gong var ambisjonen å trene fram til fødsel som Jeanette Roede og heile internett anbefalte. Eg la opp i uke sju. Resten av svangerskapet brukte eg til å karre den bekkenløyste kroppen min mellom fysioterapi, bassengtrening og gravidyoga. Denne gong er ambisjonen å unngå mest mogleg fysisk aktivitet, inkludert alle slike tidssluk.

No var ikkje gravidyogaen det verste. I eit rom som lukta svakt av maling (å, lukta av maling!) fekk du ligge i eit hav av puter medan ei veldig slank dame ba deg helse riene velkommen ved å puste. Eg kunne sovne fire gonger i løpet av ein time, og sjølv om det ga ei viss stresskjensle å bråvakne på golvet med ti gravide damer ståande i solhelsing rundt deg, så kjentes teorien veldig rett der og då.

Eg hadde nemleg skrive søknad til Alternative Birth Clinic om å få fødeplass og sette min fyrstefødte til verda utan medisinske hjelpemiddel. Eg skulle puste ut dette barnet, utan eit gram medisin og vere hundre prosent bevisst i livets mirakelstund. Eg las bestseljaren ”Føda utan redsla” av Susanna Heli og tenkte mitt om damer som ikkje skjønte at smerta var god, til hjelp og forbigåande. Kor gale kan det vere, liksom.

La oss berre seie det sånn at denne gong har eg ikkje ein plan. Eller ein ambisjon. Eg har berre eit håp, og det er å føde utan masse komplikasjonar, to operasjoner, ei veke på sjukehus og smertestillande i ein månad etterpå. Og ja takk, gjerne epidural. Gjerne allereie no om det er mogleg.

IMG_1354.JPG

Om staten anbefaler deg narkotika og betaler, just say yes! (men sjekk korleis håret blir av morfin! #amywinehouse)

Stopper fødeberetninga mi der, eg. Fødsler er som bustadsal og barnehageopptak. Alle individ som har vore borti dette har si historie, og elskar å dele den. Ja, det er interessant å høyre at du fekk barnehageplass på fyrstevalet og selde ein milliard over takst (utan epidural!), men eg kan ikkje bruke det til noko. Det er heilt blotta for nytteverdi! Som ein av få gonger i livet er du her fullstendig overlatt til naturen/kommunen/eigendomsmarknaden. Det blir som det blir. Uansett.

Dersom alt går bra denne gong, og JADA det kan ein jo aldri ta på forskot. Det fine med å være annangongsgravid er for øvrig at du heller ikkje har kapasitet til å ta alle sorgene på forskot. Eg har ikkje engsta meg like mykje for scenarioet siamesiske ADHD-tvillingar denne gong, for eksempel. Men ja, er ein så velsigna at alt går bra og det materialiserer seg eit friskt born skal det ikkje få sjå på TV før det er tre år. Nei, der blanda eg visst notatene. Det var førre gong, det. No trur eg me seier det slik at barnet ikkje skal få vere på ipaden før det har kome heim frå sjukehuset. Med mindre det har veldig lyst, og det er det einaste som roar han ned, så klart.

Sist skulle eg bruke permisjonen til å ta nokre fag, skrive ei roman og sjekke jobbmail. No er ambisjonen for permisjonen å gjere akkurat det same som eg faktisk gjorde sist. Henge litt på Facebook og sjå på TV2 Bliss.

IMG_1417.JPG

Eit av to geni som researcha seg fram til at den sjeldne Koelstra Mambo Daily var universets beste barnevogn. Spesialimportert frå Bergen. Tek like liten plass som ein trehjuling. Like stødig som ein firhjuling. Og like solid som ei pepperkake.

Me skulle heller ikkje bli materialistiske miljøsvin berre fordi me vart ein småbarnsfamilie. Det fungerte bra. Iallfall før me vart ein småbarnsfamilie. Me kjørte land og strand rundt etter brukte babybjørnar og fann den perfekte barnevogna som skulle vare til ungen flytta på hybel. Denne gong er ambisjonen å finne ei god søskenvogn som kan fylle yttergangen saman med dei tre andre vognene me har skaffa oss sidan Det Perfekte Kjøpet knakk.

Og fjerdevogna, den skal være ny. Det har eg fortent. Det er ikkje grenser for kva ein fortener som trøtt småbarnsmor. Eg fortener alt! Miljøet, sparekontoen og snopestoppen må vente. Eg lyttar til kroppen, og den vil ha sukker, søvn og shopping. Eg kan iallfall gi deg to av tre, kjære kropp.

Kjære kropp, ja kjære MEG, det er utruleg kor mykje som handlar om meg. Korleis er formen, vil føtene mine tåle ein runde på Øyafestivalen, kva betyr det eg kjente i magen no? Takk for middagsinvitasjonen. La meg no berre tenke litt på kor lenge ryggen min taklar denne stolen du har satt fram og om fosteret mitt tåler mozzarella. Har all raudvinen fordampa i raudvinssausen, trur du? Er biffen heilt gjennomsteikt? Kan du ta den ein runde til i panna, ver så snill? Nei og nei så trøtt eg vart, no må eg gå heim. Det var veldig kjekt å få vere her i dette selskapet og snakke om meg og mitt og alt eg kjenner på. Før eg går, er det nokon rundt bordet som har synspunkt på om det er best med tre eller fire hjul på barnevogna?

Nokon seier du får mindre tid til å tenke på deg sjølv når du får barn. Sanninga er at du går frå tenke på deg sjølv, til å tenke på deg og dine. Og berre det. Før eg hadde denne innsikta lova eg meg sjølv å aldri bli ein sånn skribent som brukte plassen på å fortelje om eigen navle og det som skjedde bak den. Det var då. No er ambisjonane annleis, og målet mitt er å trykke på publiser slik at eg kan legge meg før klokka 22:00. Det blir som det blir. Snakkast på den andre sida.

Anne Gunn

(Fyrste gong publisert i Haugesunds Avis, (den veldig varme og gravide) sommaren 2014)

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mammablogg og merket med , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s