Så du drøymer om å ha FRI? Oh no, you don’t

Om eg berre kunne vere heime og ha heilt uforpliktande FRI tenker du kanskje.
Eg pleide iallfall å tenke det.
Gud, så deilig det hadde vore å berre hatt FRI.

No som eg har prøvd dette i vekesvis (sykmeldt i slutten av svangerskapet, deretter mammaperm, framleis gravid) skal eg fortelje dykk leserar og mitt framtidige meg (som garantert kjem til å fortrenge realiteten og drøyme om det glade liv som rentenist/pensjonist umiddelbart etter endt permisjon) korleis ein vanleg dag ser ut.

For kva er det eg egentlig gjer når eg har tid og ingen forpliktelsar? (og er rimeleg invalid, minor detail)

Står opp og startar overvåkinga av  sosiale og analoge media. Les avisene nøye, veldig nøye. Denne dagen er av dei betre, og eg koser meg i 10-20 minutt med ei dødsannonse kor avdøde «døde i sitt eget hjem, omringet av sine nærmeste». Hehehe. Hehehe. Min humor.

Så var det gjort, og eg kjenner det kriblar i kroppen. Kroppen min er fucked (ja faktisk), men riksraljøren samfunnsengasjementet fungerer. Det er det fine med å ha fri, du kan bruke kreftene til å gjere  verda betre!

Plukker fram dei sakane eg har gåande med ulike aktørar. Eg er då tross alt journalist, og gløymer aldri urett gjort mot enkeltpersonar. Spesielt ikkje om enkeltpersonen er gravid og foreksempel meg sjølv.  Yrkeslivet har vaksinert meg mot all skam og telefonangst. Eg har ubegrensa tilgang på internett, eg er sur og har fri til neste sommar.

You do not want to mess with me.

Og det veit dykk vel no Skeidar (som leverte eit møbel for seint), KK (som ikkje klarer å gi meg eit abonnement), Baker Hansen (som absolutt burde ha kundetoalett på utsalet sitt i Grensen) og Ruter (som må gi beskjed når heisen ikkje virkar på Stortinget t-banestasjon. Hallo, folk har rullestol her i verda altså. Og barnevogn).

Midt i det idealistiske arbeidet mitt vert eg distrahert av at dei speler Limp Bizkit på Radioresepsjonen. Grip til Twitter og raser litt over dette.  Surfar inn på Facebook, skumles 15-17 av dagens kronikkar og skriv nokre «omg er det mogleg»-kommentarer under statusane til folk som har posta linkar til desse.

Merker at eg berre er nokre få fridagar unna å bli ein person som samanliknar alt med Albania, bruker begrep som «jensemann» og uttaler media med klagetone, ristehovud og tre e-er. «Huff meeedia».

Legg difor frå meg mobilen.

Plukker opp ipaden. Ser nokre episodar med Game of Thrones, kor eg aner ei SAK, googlar litt «recasting Daario Naharsis» og ganske rett  – mellom sesong 3 og 4 bytta dei skodespelar på han kjekke ørkenkrigaren! The deep web avslører at den første skodespelaren  har opptrådt med Asian Dub Foundation! Og turnert i Noreg! Herregud, dette er ei SAK! Kjem Håvard ALDRI heim frå jobb eller?

Daario

Han trudde ingen la merke til den vesle birollen han hadde i GoT. Men permitterte kvinner får med seg alt.

Sovnar.

Vakner av akutt husmorangst. Herregud, eg har ikkje gjort noko i dag!  Bakar ei langpannekake i tilfelle den eg allereie har bakt har blitt litt ruskete av å ligge i fryseboksen. Legg det ferdige resultatet ned i frysen saman med den nevnte kaka, dei fryste lefsene, muffinsane og pølsene eg allereie har kjøpt inn og skal servere dei sju gjestene i nær familie som er venta i barnebursdag om nokre veker.

Googlar litt grusomme ting som kan skje under fødsel.

Sovnar.

Sambuar kjem tidleg heim. Me sit ovanfor kvarandre og snakkar om det me har opplevd sist. Det er ikkje all verden sidan sambuar må sei nei til masse kule jobbar på andre kontinent sidan eg er handikappa og voldsomt gravid.

Eg fortel om om dødsannonsa, han fine frå Game of Thrones og får medium til laber respons.

Over til andre ting som skjer i verda. Lansering av Apple Watch. H forklarer i detalj kvifor han etter nøye vurdering har kome fram til at han vil bytte ut Sonymobilen. Den vart anskaffa på grunn av god hardware, men softwaren er tung og øydelegg for bruken av den gode hardwaren.

Eg kjenner eg blir opprørt av dette. Kontrar med eit innlegg om at batterikapasitet og komprimering er dei to fremste utfordringane til IT-verda generelt (for det har eg lært av HBO-serien «Silicon Valley»). H meiner dette alleiere er løyst. Eg stiller meg tvilande til dette og seier at det kan hende dei er i ferd med å løyse dette, men det er åpenbart ikkje løyst endå (vifter med mobilen som bevis). Men ein må vere tålmodig og ikkje bytte ut alt ein har berre fordi innhaldet endrar seg og gjer det litt treigt og trøtt!!!

Har for mange studiepoeng i nydramatikk til å fortsette ein samtale med eit så stort tolkningsrom så seint i eit svangerskap. Ser istaden nokre episodar  av Game of Thrones.

Sovnar.

Dag slutt.

latest

Anne Gunn

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mammablogg og merket med , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s