Outside the comfort zone is where death happens

Same kor vellukka ein er skal ein liksom pushe seg for tida.

wherethemagichappens

Prøv noko nytt, bryt grenser, gjer noko du ikkje tør, pain is only weakness leaving the body. Det spelar ingen rolle kor vellukka du er, så lenge du er i komfortsona di er det ikkje godt nok. Husj, kom deg ut av komfortsona. Thats where the magic happens.

Denne «selg alle tinga dine og flytt til Panama!» (Hallo Kristine, ein av mine veldig mange elleville Facebook-venner)-trenden passar meg utruleg dårleg. Mitt livsprosjekt er nemleg å unngå styr. VERN OM DI KOMFORTSONE skulle det stått i blokkbokstavar på veggen min. Tenk på milliardane av menneske som kunne gitt alt dei (ikkje) eig for ein dag eller to i komfortsona. Eg trur ikkje lukka for folk flest å bryte opp og starte nettbaserte bedrifter som sel heimestrikka siklesmekker. Det blir berre meir styr og færre skattekroner til fellesskapet av slikt. Om livet funkar, dont fix it.  Use your tid on something different instead. Som HBO Nordic.

life-begins-at-the-end-of-your-comfort-zone

Det er det dei vil at du skal tru, dei som tilbyr kredittlån.

Difor var nederlaget stort då eg måtte starte 2014 med å ødelegge den fine og nøye oppbygde komfortsona mi. Og etter dette skulle ingenting bli det same.

Eg måtte gjere noko som var umogleg. Overvinne mitt fremste mareritt. For eg drøymer ikkje om flyulykker eller monster, nei eg fæler om glattkjøring, venstresving  og tap av kontroll over bil. Sjølv om eg tok lappen på fyrste forsøk som 18-åring har den i mitt Oslo-liv blitt liggjande urørt. I mangel på andre traumer å dyrke har eg blitt livredd for å kjøre bil. Livredd, typ «heller unngå å gjere ting framfor å møtte kjøre dit».

(La meg berre skyte inn til mitt forsvar at dette ikkje berre er kvinneaktig og  nevrotisk tullball. Det ER skummelt å kjøre bil. Å vere redd for å fly, det er teit det. Å vere redd for å kjøre bil, å måtte avhenge av tilfeldige personars mentale helse og kjøreferdigheter medan du fraktar alle du har kjær på ein glatt og svingete veg, nja det er ikkje så dumt å vere skeptisk til dette. Berre veldig upraktisk.)

never

Sa Hitler.

Ved inngangen av 2014  rotta alle mine livsprinsipp seg mot meg og ga meg ikkje noko anna valg enn å tvinge meg tilbake til førarsetet. Min faste sjåfør gjennom 10 år leverte inn firmabilen, og sidan me har barn må me jo ha bil. Meiner du noko anna er du sikkert født og oppvokst i by. Det er ikkje eg. Dessutan er eg skada for livet etter å ha lest feriebeskrivelsen i Min kamp, kor Linda og Karl Ove Knausgård dreg på ferie med alle ungane utan bil. Fy fader. Mykje STYR. Me må aldri bli slik. Difor må me alltid ha bil.

Så, me måtte kjøpe oss bil og sidan eg er feminist insisterte eg på å betale halvparten slik at eg ikkje skulle framstå som ein gjøk ved eventuelt brot. Og når du først har smelt av sparekontoen din på ein bil må du jo kjøre den. Ellers har eg betalt bilen for mannen min, og det vil eg ikkje ha hengande på meg.

I tillegg flytta me vekk frå sentrum, fekk barnehageplass i sentrum (…Oslo kommune-humor) og eg måtte halde meg i ro på grunn av «trugande fødsel» i ein måned. This is where the desperasjon happens.

Veldig langt fortalt altså: Eg måtte begynne å kjøre bil, det var ingen veg utanom om eg ville leve eit liv utan mykje styr.

For alle rundt meg var ikkje dette så svært. Om dei hugsa mi tid som bilførande så hugsa dei vel ein heilt ok sjåfør. Dei tenkte nok det var på tide eg slutta å kokettere og tok litt ansvar for eigen transport. Men for meg var det heilt jævlig.

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/e4d/29661515/files/2015/01/img_6048.png

Its not their instagram-profile to make sense of. Its yours.

Første tur var heim frå Gardermoen førre romjul. Eg hadde eit barn i baksetet og ein sambuar-gone-kjørelærar med forbløffande tillit til mine 10 år gamle kjøreegenskaper i passasjersetet. Eg var definitivt ute av min komfortsone på motorveien. Kvar celle i kroppen ropte SETT FRÅ DEG BILEN! Då eg blinka meg forbi ein lastebil etter (stadig strengare og gjentatte) ordre frå H kjente eg på ein fysisk smerte i alle ledd. Er det SÅNN det er å vere utanfor komfortsona, tenkte eg, og tenkte dette er det siste eg tenker. For det kjentes ikkje ut som om det var magic som var about to happen i det heile tatt. Det kjentes ut som at utanfor komfortsona, ja, thats where the death happens.

Trass i at min sambuar (absolutt) ikkje er nokon pedagog eller viste nokon som helst glede av dette orka han å sitje ved mi side og «øvelseskjøre» nesten kvar helg (og eg prøvde febrilsk å utsetje/unngå det kvar helg slik at kvar gong var som å begynne på ny. Sukk).  Og det må eg sei, han viste forstyrrande lite dødsangst på familien vegne. Eg klarer framleis ikkje å fatte kva det var han tenkte med då han bestemte at eg skulle kjøre til kjøpesenteret på highwayen i Spania. Fy faen. Hashtag filbytte, bomgiring, korte påkjøringsfelt.  Men sidan du kan lese dette betyr det at eg ikkje er død.

Med eit hjarte av gull og mage av is loste han meg gjennom angst og grusomheter til eg var klar for å prøve vingene (og spoileren, hehe, rånesjargong) på eigenhand.  Sånn cirka. Strengt tatt enda det med at nok var nok og no fekk eg faen ta å betale for kjøretimar for DETTE gadd han ikkje meir.

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/e4d/29661515/files/2015/01/img_6046.png

Denne Håvard, denne burde du sett.

In a relationship of mutual respect and love og hatred is where the magic faktisk happens, for då tenkte eg nei faen ta DEG, eg kan kjøre utan deg. Så då gjorde eg det.

Og då viste det seg at eg hadde pint meg (og H, og alle involverte) såpass lenge at det ikkje var så himla vanskeleg.

OG NO kjem reisebrevet frå den andre sida. Korleis det kjens når komfortsonen er eit tilbakelagt stadium, og sanneleg det seier eg dykk. Ein vert heilt koko. No wonder why people write so much things over bilder på Instagram! I understand them now, perfectly well.

For endringa er STOR.

Dette har skjedd etter at eg oppfylte mitt umoglege nyttårsforsett:

1. Eg er blitt ein sjølvstendig person. For fyrste gong sidan eg var 13 år er ikkje det optimale målet å ha ein «type med bil» (synd for deg det, Håvard. Neida). No kan eg faktisk dra kor eg vil! Så lenge du er heilt, heilt sikker på at det er ledig parkeringsplass på endestaden då (hett tips: parkeringshuset på Mathallen).

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/e4d/29661515/files/2015/01/img_6036.png

Og eg som trudde pointet med sånne bilete var å bli ein DO-ER.

2. Eg har fått økt sjølvrespekt og samstundes sterkt redusert respekt for ei stor gruppe folk. Nemleg Dei Som Kjører Bil. Før falt eg i nasegrus beundring for folk som kunne bykjøre. Det var dei, og så var det meg. Ein klasseskilnad. No anser eg meg på nivå med alle desse, ei stor gruppe menneske i dette samfunnet. Det er ei ålreit kjensle.  All overdriven respekt for bilførande menneske har fordufta, for alvorleg talt. Det er ikkje så vanskeleg.

3. Eg er kronisk høg.  Å vere heilt noldus på bil opnar for eit utall av muligheter for å bli høg på mestringskjensle. Som når eg rygga bilen på plass  i carporten for fyrste gong (for å vere ærleg er eg like high on life kvar gong eg klarer det). Eller som på lørdag, kor eg var lett som ei fjær og glad som ei sol heile dagen fordi eg hadde kjøpt og fylt på spylervæske. Heilt sjølv! Fekk opp panseret til og med! Er eg trist og lei ein dag kan eg berre feste isofix-basen i baksetet, og bli ståande og klappe meg sjølv til blods på skuldera. Tenk, dette fekk EG til!

4. Eg har mista fotfestet. Eller veigrepet, om du vil. Rus can og vil destroy you, sjølv om det er snakk om mestringsrus. Eg er som 17-åringen som høyrer Bob Dylan for fyrste gong og tenker at jaggu, han her må eg fortelje folk om. Eg har blitt ein bedrevitar på bil (!!!), og har børsta støv av mine gamle kunstar frå tida som musikkelskar. Eg memorerer alt eg les og siterer det skamlaust som om det var mine egne tankar. Littegrann merkeleg kor harry den nye Subaruen er, kan eg ralle i festleg lag, og sjølv om den nye Passaten og Mondeoen er ganske like så vil eg faktisk halde ein knapp på Passaten! Og folk anar ikkje at dei høyrer på  utanboks høgtopplesing av Embret Sæter (bilanmeldar i DN, jælla flink på bil, nesten på nivå med meg). Og her om dagen lanserte eg «taxisjåfør» og «barnehageassistent» som mine karrieremessige backupplaner (sikkert heilt tilfeldig at barnehage og bil er to av dei tinga eg har blitt introdusert for i 2014)

5. Oppsummert medan eg har ein bitteliten del av 2013-klarsynet igjen. Det var som eg frykta, når du først går ut av komfortsonen din opnar du døra til soloppgangar, regnbogar og visdomsord. Toget vekk frå den avslappa, harmoniske 2013-personligheten har berre såvidt begynt å gå, og dont look back cause you are not going that way. No ser eg ut på 2015 med eit oppjaga blikk, heilt overbevist om at alt er mogleg og har såklart sett meg eit nytt umogleg mål som eg berre MÅ klare. Eg kjem ikkje til å sei kva det er før det er i boks*, men når eg har klart det skal eg aldri shutte opp om det igjen. For sharing the tings du får til i livet, thats the greatest gift of all.

(*det er å lukeparkere. Neida. Joda. Neida)

Anne Gunn

motivator59e6bf5074bd26ccf3a2cc841438e60258115be4

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mammablogg og merket med , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s