Yog Hurts – då punken kom til Rema1000 Ulsrud

Torsdag kveld forlot eg mann og barn og heim. Eg hadde grønt lys for å bruke så mykje penger og tid eg ville. Eg byksa ned trappene så fort eg kunne. Utan barnevogn. Egentid.

Det var full fest i bilen. Barnemusikkstjerna Christine Sandtorv som heile vinterhalvåret hadde halde oss i eit behageleg, men trøttande musikalsk ballegrep måtte vike for Jack White.

Mor var aleine i stasjonsvogna, fy faen i helvete – folk som ikkje har born går glipp av så mykje. For eksempel den berusande lykkekjensla av å skulle tilbringe torsdagskvelden på Rema1000 Ulsrud.

For det var der eg hadde fått løyve til å gå, for å vekeshandle. Den elleville kjensla varte ikkje lenge, då eg entra butikken vart den erstatta av iskald konsentrasjon.Handling av mat er nemleg seriøse greier. Går du heime og stirrar inn i kjøleskapet heile dagen vert ikkje mat ei tilfeldig greie. Spesielt ikkje om du samstundes høyrer og les nyheter heile dagen.

Og folk spør seg kvifor ein handlar på Rema og ikkje på spesialistbutikkar. For denne summen kunne eg jo fått fire fiskebaserte fiskekaker frå Mathallen!

Og folk spør seg kvifor ein handlar på Rema og ikkje på spesialistbutikkar. For denne summen kunne eg jo fått fire fiskebaserte fiskekaker frå Mathallen!

Fins det ei eteforstyrring framkalt av nyheter? Eit slags Dagsrevyensia Nervosa? I så fall er eg hardt ramma, men som alle gode nevrotikarar ynskjer eg ikkje å gjere noko med det. Det er blitt ein livsstil, og i mangel på andre arenaer eg kan prestere på er eg blitt ganske god.

Korkje oppdrettslaks  eller oppdrettsblåbær kjem ned i mi handlekorg. Ei heller palmeolje eller parabener, og frittgåande høner er ikkje mine høner for å seie det slik. Nei, egga skal vere grodd av økologisk jord, men elles er ikkje økologiske ting så viktig, det utarmar jo berre jorda. Med unntak av gulrøter, dei er supergiftige om dei ikkje er økologiske. Har eg høyrt.

Kylling er eit soleklart no-go, og baconet må vere hausta på Grøstad gard. Fisk og kjøtt må ha vanvittig høg prosent av fisk og kjøtt i seg, og ingen spor av kvitlaks som eg erindrar Aftenposten sa var ein slags stor, næringsfattig larvefisk som ligg på botnen av Golfstraumen.

Brødet må ikkje vere pakka i plast fordi det betyr at det er bakt i fjor og obs obs, ikkje ha full score på grovhetsskalaen, men vere minst over 90 prosent for det er fyrst då det er grovt. Makrellen kan godt vere lagt i tomat, men ikkje pressa inn på tube eller i porsjonspakningar, for då kan du like gjerne ete sukker. I det heile tatt er det mykje som er som å ete sukker, men når det er sagt så pass på: heller sukker enn aspartam.

Kjøttpålegget som får vere med heim er det som ikkje er tilsett falsk røyksmak, og får bonuspoeng om det er pakka inn cellulosehermande plast og har løkkeskrift. Syltetøyet er frossent, men frukostblanding vert for vanskeleg så det droppar eg, i likhet med heile tørrvareavdelinga. Eg måtte nettopp kaste ein heil rull matpapir etter NRK fortalde at det ville gi kreft til heile familien om det kom i kontakt med mat. Juicen må vere kjølevare, og kun ei lita flaske frå ikkje-konsentrat for i vår familie veit me at juice og brus er like ille. Kun til fest og når du trur ingen ser deg bak kjøleskapsdøra.

Og med denne fabelaktige handlekorga hadde eg omsider klart å tråkla meg fram til melkekjøleskapet, kor eg plukka ut mine vanlege, magre produkt frå Tine (Q-meieriene har ikkje den same sosialistiske schwungen). Den faste mangepacken med barneyoghurt kom på toppen.

Palmeoljetrøfler og yoghurt, making streite småbarnsforeldre feel crazy since 2015.

Palmeoljetrøfler og yoghurt, making streite småbarnsforeldre feel crazy since 2015.

Der vart den liggande og lyse liksom radioaktivt. Den hadde fått ei heilt anna utstråling sidan sist. Det skuldes såklart nyhetene som hadde gått i loop heile dagen.

Yoghurt skal forbys i barnehagane i Alna bydel. Yoghurten (og pizza og pølser og sånn) gjer at 20 prosent av borna er overvektige. Og der stod eg, med ein svær pakke yoghurt som eg har tenkt å fore min toåring med. Busatt i Alna bydel.

Eg såg nervøst rundt meg. Var eg ein sånn person? Var me ein sånn familie? Det kjentes rampete og feil. Men samtidig. Blodet bruste. Dette var heilt rett. Det minte meg om då eg kom heim frå ein Turbonegerkonsert med fotspor i andletet. Det kjentes PUNKETE.

Eg var Iggy Pop i 1968, eg var Robyn i gutteklede som sa Dont Fucking Tell Me What To Do, eg var ein båt utan anker, eg hadde hovudet fullt av tanker, eg var jo per definisjon fri. Så eg tenkte fuck dette og lot yoghurten ligge i korga.

Skulle skrive morosam bilettekst om mat her, men det einaste eg klarer å tenke på er kulturmjølk. Drukke av nordmenn i generasjonar.

Skulle skrive morosam bilettekst om mat her, men det einaste eg klarer å tenke på er kulturmjølk. Drukke av nordmenn i generasjonar.

Så der har du det Oslo kommune. Det fins faktisk grenser, óg for dei flinkaste og mest hysteriske av oss. Eg nektar å føye meg. Nok er nok. Eg slit laus mine lenker. Det er yoghurt* i mitt hus. Og eg skal gi den til mine barn. Kanskje er dette berre ei byrjing. Kanskje har dykk skapt eit monster.

(*Det med yoghurten, det er den med lite tilsett sukker altså, berre fem prosent., Og det er sukker, ikkje kunstig søtning. Herregud, eg er jo ikkje trygda heller (eller jo, det er eg).)

Anne Gunn  

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mammablogg og merket med , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Ett svar til Yog Hurts – då punken kom til Rema1000 Ulsrud

  1. Trine sier:

    Gærning! Men har du husket 60min med andpustenhet i dag da? Fri lek telles ikke! Må være styrt lek i minst 60min! Ja, det gjelder de minste også (sover de for lenge på dagen så får vi ordne et hamsterhjul!)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s