Du pleide å vere så kul, Internett

Du er ikkje som du var, internett.

Eg veit ikkje når det skjedde, men det var som om me hadde det forferdelig kjekt på Blå ein lørdagskveld. Så, klokka halv tre kom nokon og skrudde på taklyset.

Boom, der står me, tatt på fersken. Hol i strømpebuksa, fulle, mimande, ustø.  Rundt oss er det brått fullt av folk med alvorlege, skadefro auge. Kven? Alle eigentleg, alle dei vaksne, alle dei unge. Veldig edru, veldig iaktsomme, sinnssjukt moralske.  Utstyrt med kamera og freedom of speech.

Det er ikkje like stas å tulle, tøyse, danse, flørte og leve på dansegulvet når det er slik. Dessutan ser lokalet, som var ein festlig fristad ganske annleis ut i taklys. Det er ikkje like kjekt.

Du hugsar eventyret om keisarens nye klede, der ein i publikum er modig nok til å sei at keisaren er naken? No er det utruleg mange av han der guten. Sjå keisaren, der kjem han. Skund deg å ta bilete, han er naken! Keisaren prioriterer arbeidsoppgåvene sine feil.   Keisaren opptrer nedverdigande overfor dei lokale. Keisaren bryt loven, keisaren har rar hatt, keisaren har for få  kvinner i mellomleiinga.

Som journalist er det vanskeleg å ikkje elske fora som legg til rette for korrigering og avsløringar.  Men som journalist er det og viktig  å vere grunnleggande pessimistisk og sur. Som no. Hadde eg vore littegrann meir som Kathrine Aspaas hadde eg jo framleis sett det positive i dette. Kjefting i flokk er jo flott for demokratiet, alle kan heve stemma si (for då er det så lett å få med seg ting) og det har endra verda i form av arabiske årstider og ei stund hadde ein t.o.m Grandis utan paprika.

Men, samstundes overvaking. Overvaking. Og meir overvaking. Og med mykje anna injurierande materiale er alle mine venners kule bloggar og frilynte festbilete, i det heile tatt mykje god humor borte vekk. Eg saknar blogginga til Welhaven, Marit, Kathrine, Elisabeth (har ikkje linka fordi samtlige ynskjer at bloggane var vekke!) , eg saknar fotolbum på Facebook, festreferat utan filter og usladda barneandlet. Alt det kule er vekke, eller iallfall forsøkt fjerna.

Alle står no meir i ro, milde og greie, ordentlig påkledd. Med god grunn.  Den som gjer seg synleg kan få kjeft, av typ heile verda. Ein kan bli utsett for shaming, som eg vil insistere på å oversetje til «kjefting».

Her er ein del artiklar om nettkjefting, eller shaming, og kva det kan føre til. Eg synes dei er veldig, veldig gode. Her er den nyaste frå New York Times. Ei lett sjokkerande sak om hipsterhatet, nevnt som ein av fjorårets beste artiklar. Ein frå DN Talent, verdas beste nettstad for deg som er opptatt av karriere og utdanning og ikkje minst den store Monica Lewinsky-saken til Vanity Fair. Og her er ein om alle som frivillig/ufrivillig endar sommemes.

Neste innlegg: Difor trugar fargefjernsynet kjernefamilien.

Anne Gunn

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s