Morsdagen, mannen og moralen

I anledning kvinnedagen 8.mars vil eg gjerne skrive litt om 8.februar.

For har det nokon gong vore ein mørkare morsdag på denne kloden? I bloggosfæren, som er synonymt med røynda for slike som meg, vart den fullstendig dominert av skuffa og sinte damer i permisjon.

Både hjå Svømmefrue og Komikerfrue var det tjukt av morsdagsbitterhet. Ingen av dei vart vekka av ein instavennleg frukost, ikkje vanka det noko designersmykke eller andre handfaste bevis på kjærleik.

Som om dei ikkje fortente det!Som om me småbarnsmødre ikkje fortener det! Etter alt me gjer! Å gi oss ei lita påskjønning er då det minste dei kunne gjort, desse idiotiske mennene me har pådratt oss.

Sjølv låg eg og kokte natt til søndag 8.februar fordi eg visste min betre halvdel hadde gløymt det. Rett nok var han sjuk og me skulle ha dåp i heimen den søndagen, men likevel. Likevel!

Også denne morsdagen då, etter denne hausten kor eg hadde vore så utruleg flink og blitt tobarnsmor til to friske ungar og gått heime med nesten full lønn. Å, eg fortener ein gullmedalje! Jammen ikkje le, eg gjer det! Tviler du, smilar du sånn lurt og seier noko sånn som ”men det er vel ikkje så slitsomt å berre gå heime og sjå på TV?” kjem du til å angre, for då går eg rett over i rasande hysterimodus.

For du skal berre passe deg, du idiotiske ikkje-mor: Er du klar over kor trøtt ein vert av å nattamme?

Me har kvite vegger på soverommet, men ellers er alt oppsiktsvekkande likt som på Nordre Lindeberg gård.

Av å aldri sove ei heil natt på typ, eitt (to, tre, fire) år? Kor utmattande det er å aldri kunne drikke fem glass vin utan å måtte planlegge? Er du klar over kor GREI eg er! Kor mykje energi denne mammajobben eigentlig tar, og kor KREVJANDE det er å konstruere ei truverdig offerrolle ut av det? Men eg får det til, og difor vert det så openlyst at ein bør få noko akkurat denne dagen. Berre ein liten gest som seier at nokon ser meg og anerkjenner meg for denne absurd sjølvoppofrande jobben eg gjer som mor.

Men nei. Medan eg låg og kokte i senga (la meg 20:30, som vanleg) var han nede i kjellaren og spelte PS4 (fått av meg, verdas snillaste kjæreste og verdas beste mor til hans barn) så eg kunne ikkje klikke før neste dag, og då rakk eg berre eit bittert ”ingen gløymer morsdagen!” før dåpsgjestane velta inn i vår lyseblå dåpsheim.

Seks timar seinare var morsdagen på hell, eg satt i sofaen og byssa mitt nydøypte born medan svigermor og mamma vaska ned huset mitt etter festen.

Blomar eg plukka og plasserte i mi dotters hånd slik at eg kunne ta bilete av det. Dotter ville ikkje halde dei lenge nok til at eg rakk å få fokus på blomane, men you get the symbolske mening likevel, sant? Eller må eg skrive «Being a mom is great» i løkkeskrift over?

Raus som eg er foreslo eg at svigermor kunne ta med seg borddekorasjonen heim sidan me likevel skulle reise bort veka etter. Du får sjå på det som ein morsdagsbukett, sa mamma.

Nettopp. For min sambuars kardinalsynd hadde fleire offer, og eg var kanskje ikkje det fremste. For det demra for meg: Eg er ikkje mor til typen min. (!!!!!). Så i staden for å bruke natta til å forbanna min sambuar og hans eineståande evne til å stå imot marknadskreftene akkurat denne dagen burde eg kanskje brukt ein smule meir energi til å tenke på ho som låg på gjesterommet.

Mamma, som hadde flydd inn for å vere hushjelp og barnevakt i anledning dåpen. Ho som knapt hadde pakka ut dåpskjolen frå kofferten, som ho hadde vaska og strøke etter eg brukte den ved førre barn, før ho låg under divanen og støvsugde.

Før ho fiksa bunadsskjorta mi, vaska alle golvene inkludert trappa, leika med eldstedottera ute i timesvis slik at eg kunne sove og i det heile tatt, fiksa slik at me kunne ha ein fin og representabel dåp utan at eg slapp å kutte ned på tv-tida.

Sånne mødre. Korleis vert ein slik, ei slik mor som berre er der og fikser ting i årevis utan å klage og krevje? Som ikkje ein gong går av vakt når barnet får barn! Men som berre set seg på bussen for å skifte på senga slik at du kan legge deg i reint sengetøy når du kjem heim med nyfødt born. Ei mor som sørger for middag i kjøleskapet under barseltida, og tørker over vindauga slik at du skal sleppe å sjå på skitne ruter når du likevel skal sitje i sofaen og glo. Ei mor som kjenner si besøkelsestid, men som etterlet kjøkkenskapene fulle av snop og palmeoljekjeks og slikt som du aldri kjøper deg sjølv, men som kroppen jo treng dei første seksten månadene etter fødselen.

Heilt tilfeldig bilete for å minne nokon om at JO, me feirar fars- og morsdagar her i huset.

Korleis vert ein slik? Eg anar ikkje, det verkar umogleg. Men, det eg har lært av adferd gjennom sjølv å bli mor er at ein gjer det ein ser. Når ein sjølv berre trekk på skuldrene og seier”pappa ordnar” når noko går galt, så vil barnet reagere på same måte (for stikk i strid med inntrykket som vart gitt lenger oppe i teksten er det faktisk barnefar som ordnar ting her i huset (men så fekk han og ein VELDIG DYR ULLGENSER I FARSDAGSPRESANG, red anm)

Så, sidan eg er heldig og har ei så grei mor, så kan det jo hende at eg sjølv vert sånn ein gong. Og kanskje då, etter 20-30 år med slik snill oppførsel og hard jobbing, kanskje då vil eg bli hedra på morsdagen. Av mine egne born. Slik som mamma, som i morsdagspresang fekk eit veldig tungt fuglebrett av glass som ho måtte ha med i ryggsekken heim (saman med den skitne dåpskjolen).

Når alt dette er sagt så endte morsdagen med at eg fekk ein morsdagsbukett.

Av mamma.

(PS. Syntes du dette var lite hjelpsomt? Då har eg eit godt tips til deg som vil sikra deg den hyllesten du fortener. Skaff deg type, få deg born og opprett eit betalingskort saman med denne mannen som dykk bruker til fellesutgifter. Finn deg ei voldsomt dyr og flott morsdagsgåve du har skikkeleg lyst på. Gå i butikken, kjøp denne. Betal med felleskortet.)

Dette hjarta laga eg (30) og syster (35) medan mamma passa barna våre. Etterpå drakk me kakaoen ho hadde laga og åt lunsjen ho hadde med i sekken til oss. Me fekk opp mot 20 likes på insta for dette hjarta! Mamma må vere stolt som har slike flinke jenter som oss!

Dette hjarta laga eg (30) og syster (35) medan mamma passa barna våre. Etterpå drakk me kakaoen ho hadde laga og åt lunsjen ho hadde med i sekken til oss. Me fekk opp mot 20 likes på insta for dette hjarta! Mamma må vere stolt som har slike flinke jenter som oss.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mammablogg og merket med , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s