Liste over folk med overdriven sjølvtillit frå Stavanger

Dei seier det går dårleg i Stavanger.

Oljeprisen rasar, folk vert arbeidsledige, må sei opp Spotify-abonnement, flytte i rekkehus og det som verre er.

Dette stresser meg heilt ufornuftig mykje. Det er som når nokon seier FORELDRA DINE SKAL BLI GAMLE OG DØ. Eller: Syden fins om vinteren! Eller, NUGATTI ER BERRE SUKKER.  Berre liksom, shut up.

Eg veit det eg trur på er tull men eg treng å tru at det er slik!

Stavanger er nemleg ein deilig utopi og luftspeiling for meg, det er lysets stad. Lystens stad!

Sidan eg var liten har næraste by til Vikedal, Haugesund, vore staden for praktisk nytteshopping og lukter keisame kjøreturar t/r og etterkvart nokre kjipe utekveldar kor det berre var Haugesundsfolk ute og altfor lang veg heim.

Nest-næraste by, STAVANGER derimot! 1,5 times feststemt tur med båt og det var ikkje ferje ein gong. Nei,  Stavangerbåten var av typen snøgg og pur pleasure, full fart med TV under taket, juice i kiosken og sofalounges i andreetasje.

h57_1

Hm. Vart alltid fortalt at båten til Stavanger var ein hydrofoil, men etter å ha bildegoogla dette innser eg at eg har blitt ført bak lyset. Vel var Stavangerbåten kul, men faktisk ikkje SÅ kul som dette biletet viser.

Vel framme var det fest: overnatting hos min tante Marit som hadde innendørs basseng, endelause mengder saft og søner med kule dataspel. Uansett alder og livsfase har Stavanger alltid bydd på det som egentlig er for godt for denne verda. Ein butikk som berre selde snop. McDonalds, pianobarer, rockedisko, masse kjentsfolk i same kollektiv og felles nachspiel for heile byen på Burger King. Bylarm i Stavanger trur eg var mitt livs beste bylarm, og det einaste eg hugser er fleskepannekaker og linedance.

Det er alltid lørdag i Stavanger. Sjølv om eg no drar til Stavanger først og fremst for å besøke slekt begynner hjernen min likevel å spinne hardt i nytelsessenteret. Umiddelbart framkaller den bilete av all den kalde smash-sjokoladen eg kan raide i  smash-skuffa i kjøleskapet der eg  er gjest.

Her skulle det eigentleg vere eit bilete frå Bylarm i Stavanger, men bildematerialet var for krenkande. Istadenfor  viser eg her eit bilete frå oljemuseet i Stavanger. Dette meiner dei altså er ein fin gjenstand å stille ut. Hehe, Whats not to love! ODS<3

Her skulle det eigentleg vere eit bilete frå Bylarm i Stavanger, men bildematerialet eg satt på var for krenkande. Istadenfor viser eg her eit bilete frå oljemuseet i Stavanger. Dette meiner dei altså er ein fin gjenstand å stille ut. Hehe, Whats not to love! ODS<3

Folk i Stavanger har alltid slikt. Sjokolade i kjøleskapet, høg bakst på bordet og klede der det kvite alltid er veldig kvitt og sko som alltid er nye og alle bur med sjøen, går med hjelm på jobb og har reine tenner og fri heile tida.

Og nei, eg har ikkje peiling på Stavanger. Med vilje. Eg har aldri budd der sjølv, kanskje fordi det kjentes altfor skummelt å utfordre vår gode relasjon – det er jo sjeldan fornuftig for hverken kropp eller sjel å busetje seg i Syden. Eg valde pietistisk nok Oslo som åstad for mitt vaksenliv, og vart sitjande og klore meg fast i ein mediebransje der eg dei siste åra har skrive sak på sak på sak om kor sjukt fett ingeniørstudentane har det i Stavanger.

Men no altså. No trugar Den Nye Tida Stavanger. Olja er ikkje lenger den nye olja, og uansett kor raskt eg les avisene er det vanskeleg å ignorere det heilt. Difor har tanken slått meg.

Kva vil skje no, Stavanger? Vil lørdagsbyen min bli full av kvardagar og gørre folk med 420.000 i årslønn? Men,etter å ha tenkt meg om kan eg berolige alle investorer og andre viktige personar som følger med på utviklinga med at nei. Det går bra med Stavanger. Verda har ikkje så stor effekt på Stavanger som ein skulle tru.

Av og til kan det faktisk vere usikkert om Stavanger har fått med seg at dei faktisk ER ein del av verda. Stavangers råvare er heller ikkje oljå. Det er «overdriven sjølvtillit» (ODS). Stavangerfolk druser på med sitt, og resultatet er veldig mykje rart for å seie det mildt – men og ei slags voldsom glede som ser ut til å igjen generere (nok) kæsj (til å halde det gåande).  Det må vere voldsomt kjekt å vere sånn. Både kulturelt og teknologimessig kan det jo vere ein god egenskap å ha i desse tider.

Så spør du kanskje. Kva slags bevis har du for dette sjuke teorien? Eeeeh, ganske mange skal eg seie deg!

Her er ei liste over folk med overdriven sjølvtillit frå Stavanger:

1. Morten Abel
Eg har skrive om mitt livslange forhold til denne mannen før. Ein liten recap. Fyrst komponerte han ganske flaue nødrim for Mods. Deretter begynte han å synge veldig dårlig engelsk. Og no, i ein alder av 104 år, har han begynt å synge om pupper på norsk. Morten Abel er kanskje den fremste eksponenten av overdriven sjølvtillit og eit levande eksempel på kor lenge det kan halde deg flytande. Moods of norway-hatten av for deg, min venn.

2. Kristoffer Joner
Kristoffer Joner er så skrukkete  at det er lett å tenke på han som ein kunstnar som har kokt så lenge at han berre er eit konsentrat av integritet. FEIL. Det er ikkje kred som er Joners greie. Nøkkelen til Joners suksess finn du i den fortrengte musikalen «Alt for Egil» der Kristoffer syng og dansar som om han er aleine i verda. Det er heilt ko-ko flaut, og viser at Joner ikkje eig kritisk sans, sjølvinnsikt eller evne til å tenke på kva folk syns om han. Han gjer berre det han får beskjed om og det har funka ganske fint.

renberg

Takk til Charlotte som tipsa om at Renberg nok er den einaste forfattaren du kan booke på denne rocka måten. Ta vel imot, Tore Kaaaaizer Renberg, si.

3. Tore Renberg
Så masse ord, så masse energi og for ein TV2-Ståle Talsnesaktige utstråling. Er det ikkje ein eller annan stad i Min Kamp at Renberg inviterer Knausgård på studentmiddag og serverer ein fisk han har steikt utan å sløye? Kan nokon slå opp dette og maile til meg slik at eg kan sette dette i samanheng med min påstand om hans overdrivne sjølvtillit?

4. Charlotte Thorstvedt
Frå MTV til LSE til CD og the Villa og deretter forsøkte ho å føye UD til denne rekka. PS! Ingen i Popsikkel-redaksjon tviler på at Charlotte Thorstvedt kunne vore ein framifrå UD-boss. Eg konstaterer berre at karriereløpet hennar oser Stavanger-sjølvtillit.

5. Hanne Sørvaag
Ein annan ting, dei er så innmari blide alle desse Stavanger-folka. Du kan jo liksom ikkje ta dei på noko, Hanne Sørvaag foreksempel, som eg synes skriv ufatteleg mange dårlege låter er folkets favoritt. Og så innmari blid og grei og åpen og byr på seg sjølv. Ein gong prøvde eg å kritisere Sørvaag og eg har aldri følt meg så råtten nokon gong. Du må aldri kritisere Stavangerfolk.

6. Mia Gundersen
mia mia

Stavanger muchness, much. Skulle eigentleg la dette bilete tale for seg, men så såg eg ho nett i ein KK-reportasje kor ho viste fram hagen sin, utan å ha ein hage så då måtte eg nevne det og.

7. Kristian Valen
Mange østlandsfolk kan ikkje sin Kristian Valen, dei trur han først og fremst er Kristian Valen som har, eller ikkje har, eit ironisk prosjekt som den grandiose popstjerna Kristian Valen. Dette siste må ein vel kanskje snart innsjå at ikkje er  ironi dessverre, men han har hatt ironisk liv før. Som Sibbe fra Sandnes, og det er grunnen til at eg KVAR EINASTE FERIE tenker på Kristian Valen fordi eg ikkje kan sei «nå er det ferie» utan å få Sibbe-lyrics på hjernen. For nå er det ferie. Så nå gir me faen. Me feste heila nattå og sove heile dagen, her er det ingen som kjenne oss igjen og ingen bryr seg om, kem som e kem! Nettopp. Ingen bryr seg. Der har du innstilinga til dei alle saman, dei lever som om ingen bryr seg. Og dermd får dei alle til å bry seg.

diverse_11

Her ligna han forøvrig veldig mykje på Leif i Leif & Kompisane. Kan det tenkast at Leif i Leif & Kompisane eigentleg har eit prosjekt om å vere ein ironisk Kristian Valen? ÅÅ Stavangerkunstnarane altså. Makes you think.

9. Kathrine Sørland
Celebritetsmessig har du ikkje oddsa med deg om alt du har å vise til er ein frøken Norge-tittel, men ein god dose ODS trumfer dårlege odds anyday. Sørland er FRAMLEIS kjendis, 13 år etter sin Frøken Norge-tittel. Ho demonstrerer framleis kor nyttig ODS er, berre sjå  korleis ho er den einaste som faktisk klarer å komme unna Melk & Honning sin video frå årets Elle-fest med æra i behold. Ho svarer heilt greitt for seg, nettopp fordi ho som god Stavanger-person ikkje tenker seg om litt ein gong. Ho berre seier det (ganske dumme) som ho tenker og visp, SUKSESS. Tommel opp for deg, Kathrine.

8. Glenn Lyse, Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang og resten av Stavangerkameratane.
No var det denne nyheta som inspirerte meg til å skrive denne bloggposten for dette her er jo berre heilt sjukt i hovudet. Har folk i det heile tatt fått med seg dette? Idol-Glenn, Idol-Kjartan og Eitelleranna-Tommy og ein annan Ole Alexander-dude (The Voice?) nektar såklart å ta signalet universet sender deg, og fortsett musikkarriera. Saman. Dei skal ikkje spele eige materiale, bere hits.  Fy fader. Hadde eg hatt nokre oljekæsj skulle eg lett ha investert det i dette. Garantert suksess. Som dei syng i den akustiske OVERSATTE versjoenn av Avicii (!!!): Sko ønska eg kunne vær ungdom for alltid/og ikkje sleppa fryktå inn. Det må vere heilt sjukt eksotisk for desse folka å synge dette.

Har eg gløymt nokon? Tips gjerne i kommentarfeltet!

*Artikkelforfattaren tek ikkje hensyn til kor alle desse folka er født, artikkelforfattaren veit foreksempel at Morten Abel er født (15.oktober) i Bodø. Artikkelforfattaren veit derimot ikkje skilnad på Sandnes/Randaberg/Vestre Åmøy og Stavanger så eventuelt overskridande grenser kan du berre drite i å klage på. (Og TIL ORIENTERING: Ingen utanfor Stavanger bryr seg heller om kor grensene går. Sånn er me, me inni Oslo. Sure og ignorante. Ok. Takk for meg.)

Anne Gunn

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized og merket med , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

19 svar til Liste over folk med overdriven sjølvtillit frå Stavanger

  1. Kristian sier:

    Ole Klemetsen?
    Vikingspillerar?
    🙂

  2. Affien sier:

    Morten Abel og Kristoffer Joner e vel ikkje akkurat proppfodle av sjøltilit? Heller sjenerte men jysla flinke karar!
    Og, me har nå hatt hydrofoil i rute, fra Stavanger, men eg huske kje kor di jekk. 😊

    • popsikkel sier:

      Du har nok eit poeng, men eg vil hevde Abel & Joner har mykje sjølvtillit men kanskje dårleg sjølvkjensle? Eller så er det berre stressande for dei å oppleve verda utanfor Stavanger. Litt som når nokon slår på lyset inne på ein utestad. Helsing Anne Gunn

      • elisabeth hamre sier:

        Smil til verden og verden smiler igjen. Elsker Stavanger. Hva er galt med god selvtilitt? Folk som sprer glede??Janteloven henger tykt over denne teksten. GOD SOMMER✌

    • liv sier:

      Hydrofoilen gjekk i rute stvgr-Sand – Sauda til 1972 (?)

  3. AK sier:

    hmm, er ikke helt siker på grensene jeg heller. mener bestemt at Stavanger ligger i ei lita bygd i nordeuropa som heter Norge, og det er bare ca 5 millioner innbyggere i bygda. Synes det er samma ulla i hele bygda. og det er helt ok kvalitet i hele bygda 😜

  4. Har tatt hydrofoil Bergen – Stavanger. Bare sier.

    Skjønt det nok er 45 år siden.

  5. nini sier:

    Elsker folk fra Stavanger, la dem nå få lov til å prøve åvære de kunstnere de er.
    Vi kan bare ikke være så fulle av Janteloven at de skal rakkes ned på for å ha for mye selvtillitt
    Selvtillitt er bra i underholdningsbransjen, og jeg ønsker dem alle lykke til…

    • Joakim sier:

      Haha, Jante ja, artikkelforfatteren kunne nokk passet greit inn der. Denne listen er dog ikke lenger enn listen over bæl-teite komikere fra Tigerstaden.

  6. Erik sier:

    Hva med Jan Egeland? Mister Save The World? Han er jo ekte Siddis…

  7. Elge sier:

    Froddien i Stavangerensemblet. Fyren strutta av selvtilitt på scenen.

  8. Vanessa Rudjord…!!!! Du har glemt Vanessa Rudjord!

  9. Trygve Svendsen sier:

    Herlig. Men du glemte Pia Tjelta.

  10. Tilbaketråkk: Liste over alt eg saknar denne jula | popsikkel

  11. Før Wetamaranen Mayflower kom inn i Sandeid /
    Vikedal Sambandet, va det faktisk en Hydrofoil, ved navn Expressen så gjekk der, og den va ganske så lige så den på bildet, men så DU ikkje kjennde igjen.

  12. Su Sann sier:

    Herlig!!! Men den aller største har du glemt: Camilla Herrem!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s