Jeg blir glad kjenner kroppen danse (heisann Tenerife!)

I Eno musikkårbok som kjem ut fredag har eg fått skrive eit essay om russemusikk. Det var lett eitt av mitt livs tyngste researchøkter (heilt der oppe med den tida kor eg kvar månad måtte finne eit ikkje-rettighetsbeskytta nakenbilde som kunne illustrere ei eller anna pornospalte me hadde i Spirit. Oh lord. The days).

Uansett, eg lytta meg gjennom store mengder russemusikk og fann ut korleis russemusikken hang saman med alt og kva som eigentleg skjedde med Erlend Bratland i årets MGP. Resultatet kan du lese i boka som du får tak i her. Kjøp den, den er veldig rar og fin, og word on the Bjerregaard street er at den snart er utseld.

I tråd med elendig medietider har eg ikkje blitt tilbudt nokon debrief etter denne researchen, og eg er nok djupt traumatisert etter å ha produsert dette essayet. Eg  høyrer FRAMLEIS på russemusikk. Og eg hatar stort sett alt, men det er så fjernt frå mitt liv at eg likevel synes det er litt festleg. Det er liksom musikkens svar på anonymforumet til Din baby. Bilkræsj, men vanskeleg å sjå vekk frå.  Ooooog det må jo seiast at det ER  forferdeleg vanskeleg å sitje heilt roleg kring 1.04 i Tungevaag & Raabans russelåt og verdshit Samsara 2015. ❤

Difor har jeg jaggu skaffa meg litt oversikt i 2016-porteføljen, og kan som den gode martyren eg er formidle litt om kva som skjer med årets russ og deira musikk. Russemusikken vart jo mykje omtalt i fjor, kor dei sjokkerte med sine jævlige kvinne- og rape culture-baserte tekstar. Eg veit at mange av mine kolleger no sit og blir pressa av sine mellomleierar for å produsere nokre russesaker som kan illustrerast av lettkledde russejentebilete så here goes. Rapport frå mitt spotify-baserte djupdykk inni russemusikken.

Så whats up? Not much! Sjølvsagt. Det er dette som fascinerer meg aller mest med russen, dei er nye kvart år og likevel kliss like fjorårets. Og musikkmessig er det altså heilt det same greiene som dei haldt på med i fjor. Og året før der. Og året då eg var ung, goddammit! Dette er garantert ikkje meininga, men eg kan relatere meg til dette! Og eg er 31 år! Desse raske, sinte rytmene og dei skrudde stemmene og alt det teatralske og lettvinte som er som henta frå 1997.  Det er som om Kygo, generasjon alvor og ung sex-rap frå Oslo aldri har skjedd. Som om det heitaste i popmusikken framleis er jenter som har pressa store silikonpupper inn i stroppesinglet og morske menn med frakk som står på sidelinja og bjeffer Im the wolf let me in let the party begin!

Og jaadda. Skjenking og puling i den rekkefølgen er framleis heite saker, og ord som horehus og date rape-assosierande lyrics er plassert like diskre som Bergans-klede i 71 grader nord. Og dei som vil LAGE DEBATT om dette kan gå her.

Og dette skjer altså midt i ei feministisk bølge, kor kidsa er streitare enn nokon gong.  Men det er vel nettopp difor musikken vert slik, for det er vel då det faktisk blir ein motkultur. Når det ikkje er hipt. Altså, kva skulle dei ha laga? Punk? Hahaha. For hundre år sidan kåra Dagbladet Fredag (<3) dei beste ungdomskultuaren og då vart rånerane ein av vinnarane. Nettopp det at dei representerte ein forureinande, uønska aktivtet var avgjerande. Det vart løfta fram som sjølve definisjonen på ein ungdomskultur. Men som feminist må eg jo understreke at det er ganske irriterande at dei må vere så ekstremt konservative i kvinnesynet midt i all denne opprørskheten, men sett bort frå dette er vel det aller viktigaste at ting er frivillig. På alle måtar. At ein kan velje vekk å lage ein russelåt til bussen sin om  voldtekt, at ei festglad russejente høyre på litt ræva russemusikk utan å måtte brøle JEG SKAL KNULLE DEG TIL FITTA DI BLIR ØM.

Og guess what. Det kan ein, for det fins (vagt) tenkande jenteruss.

Her er tre russelåter som ikkje er heilt forjævlige, verken innhaldsmessig eller rytmemessig. Felles for alle er at dei tilhøyrer jentebussar. Tilfeldig. I think not.

Top Notch 2016 – Taylor, Forbløffande hiphopsque i denne technopølen. Det er lett å tenke kor merkeleg det er at heile denne sjangeren har blitt så techno. Gangsta hip hop burde jo per def vere skapt til å rulle rundt i gatene, søle ut millionar og gjere opprør. Straight outta Follo.

 Bitch Perfect- Tore Oellingrath Etter det eg kan tolke er dette ein song tilhøyrande russejenter frå Steinkjer, det er fin drikk til du tryner, men du kan ikkje tulle med oss-bodskap. Relativt flat låt. Fun fact, mannen bak går i tiande klasse i Porsgrunn.

Birds 2016. -Taylor Kven er denne Taylor? Anar ikkje. Eg har trass alt berre høyrt på Frost – The soundtrack i heile år, men det verker som denne fyren har spesialisert seg på ikkje-kvinnehatande og ikkje-forjævlig rap i russesjangeren. Jævla smart. Chill låt om damer som kan gire.

Rad 2016. Aner ikkje kva det er, den slit veldig under dårleg produksjon, men den er ganske sjarmerande, nesten punkisj- midt  i elektroverda, refrenget høyres ut som det er lagt på fem minutt i 1996.  Vi har det braa/herfra til Amerikaa. Kan gjerast fint med litt (ganske mykje meir) finesse. Vonar bakfolket ikkje skreiv for streng kontrakt og kan gjenbruke ideen. PS PS, desse har to låtar. Den andre er her, og ser ut til å vere produsert av to JENTER. Herre min hatt! Men den dårlege låta var best, foresten.

Sånn takk for meg, då kjem eg tilbake med anmeldelser for heile MGP-porteføljen når den tid nærmar seg.

Anne Gunn, profesjonell dårleg musikk-martyr. Alltid på jobb. For deg og storsamfunnet. Send hjelp.

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s