Liste over alt eg saknar denne jula

Det er berre fire ting eg treng for å få julestemning, og det held forsåvidt at ein av fire er der.

Det er

  1. Å dra him. Dette er him:
  2. Delfiakake
    delfi
  3. Å ete ein heil boks Freia dessertsjokolade aleine.
  4. Sjå Mongoland.

Me skriv 22. desember og det er på alle måtar årets mørkaste dag, me summerer opp:

1. Eg skal ikkje him, fordi eg skal feire jul heime. Dette er heime:


2. Delfiakaka mi ser slik ut:


3. Freia dessertsjokolade er gått ut av produksjon.
4. Mongoland-filmen er…vekke!

Så for å ta det som kan gjerast noko med, Mongoland.

Verdas beste film, og tenk litt på det når dykk sit i heimens lune famn, ser Love Actually og twitrar i sosiale medie at du ser ho frå frå Mad Men, at Mariah Carey-julesongen kanskje er den aller beste og frydefullt delar lenkjer til saker der journalistar går motstraums og slaktar filmen. (foresten, hugs  å mase om at han vesle guten, jau, det er han frå Game of Thrones)

Så tenk litt på det då, at jula er som eit forstørrelsesglas og det er ikkje like lett for meg akkurat i den stunda. For slik som meg som  har ein annan religion. Når alle kosar seg med Love Actually vert saknet etter min yndlingsjulefilm liksom ekstra sterkt. Og min yndlingsjulefilm fins tydeligvis ikkje meir. Den heiter Mongoland, og den er ikkje berre yndlingsjulefilm, den er ein faktisk yndlingsfilm.

Eg trudde eg kom til å endre meining då eg vart vaksen og meir kulturelt bevandra, men nei. Alle filmar eg har sett i vaksen alder har kome til kort, ingen er så morosame og kule og on point som Mongoland. Dessutan vert det ikkje jul før dei syng O helga natt i det flyet.

Men no har det altså skjedd, filmen er sporlaust vekke. DVD-en min er no berre eit tomt cover, sjølve dvd-plata har liksom blitt pulverisert etter alle desse juleturane t/r haukeli.

 Kva med HBO Nordic, kva med Netflix, Itunes, Sumo? Eg betaler for alt som er mogleg å betale, men nei. Landets beste film er ikkje å oppdrive. På Platekompaniet sa dei endog at den var gått ut av produksjon, umogleg å bestille. Eg kjente meg som Sonja i Reisen til julestjernen, eller kanskje meir korrekt kjente eg meg som Silje Salomonsen i den platebutikken i filmen og berre, FOR FAEN. Julestjerna er slukna, gått ut av produksjon. Bestilling ikkje mogleg.

Difor er eg no hensatt til dette, som dykk kan lese som ei desperat etterlysing på internettet. Kom igjen verda, lever!

Og medan ventetida tikkar og jula nærmar seg og ingen film er å oppdrive er eg hensatt til tårevåt graving på Youtube. Det er på ingen måte tilfredsstillande, men nok til at eg har greid å systematisere alt eg saknar mest og som ingen filmar har å by på.

Så ok, her er ei liste over alt eg saknar denne jula:

  1. Han barndomsvennen og taxisjåføren som nektar Pia Tjelta å reise med taxi frå flyplassen. Også dreg han på det…..men så vil han ikkje kjøre henne likevel.
  2. Silje Salomonsen som seier sånn «eg vil knulla for faen» bak disken på Platekompaniet.
  3. Julanissen og måten han tek tak i nissekarakteren og psykisk liding på.
  4. Historia om å dra ut, ikkje dra ut og kome heim att, som jo er ein av Noregs store nasjonalsoger. Det er vel berre NRK-serien «Unge lovende» som har formidla dette like flott på skjerm i ettertid.
  5. Korleis replikkane er så sjukt uanstrengte og lettbeinte. Det er vel berre NRK-serien «Unge lovende» som har gjort det like bra i ettertid. (Mon tru kva som er favorittfilmen Stavanger-jenta og serieskapar Siri Seljeseth?)
  6. At dei brukar farga lyslykter til å sjå kule ut, lenge før LED og lenge før alle skulle gjere det i alle musikkvideoar.220px-Mongoland
  7. Løvblåsarscenen.
  8. Rappegary som misunnar Oslo-rapperane det kriminelle miljøet 
  9. At dei kyssar i det flyet, og at O helga natt vert framført i ein heilt vanleg versjon.
  10. At filmen også er featuring verdas beste julesong.
  11. Han som synes alle er så søte i den pelskåpa og som snakkar slik norsk-amerikansk!
  12. Slåsskampen på kjøkkenet, der han som slår folk i hovudet liksom skal vise kva han gjer og så slår han kjempelett og får all sympatien. Eg ler like mykje av det kvart år, og tenker på det kvar gong eg drikk opp ei brusflaske og får lyst til å slå den i hovudet til folk.
  13. Snøen.
  14. Dei som tullar med juledekorasjonen til ho som har den julefesten
  15. Replikkane igjen, ikkje berre måten dei vert framført på, men og innhaldet i dei. Inkludert alle desse replikkane som fell her:

❤ Kjærleik, faktisk.

 

(Det er til mi store forferdelse og overrasking at denne bloggen seglar opp som ei slags nostalgisk mimrekveld om diverse låg og mindre låg rogalandskultur. Eg ante ikkje at eg var ein slik person, men sånn er det. Dei som vil lese meir om Morten Abel, Mods og den overdrivne sjølvtilliten dei er ramma av i oljebyen, kan trykke der det ser ut som det går an å trykke)

Anne Gunn (PS. Mail meg om du har filmen eller tips til kor eg kan finne den, har unnlatt å sjekke Viaplay og NRK fordi eg føler det  er veldig fint dramaturgisk om eg kan OPPDAGE dette no, berre to dagar før jul! Det er jo det som skjer i Mongoland, det blir jul til slutt. La det bli jul! Så gi beskjed!)

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s